Lindås Tomteselskap AS kjøper inn areal, regulerer og utviklar område, for så å selja byggeklare tomter til privatpersonar, bedrifter og profesjonelle utbyggjarar.

Lindås Tomteselskap AS engasjerer seg også i utviklinga av bustadprosjekt etter denne framgangsmåten:

Først detaljregulerer selskapet ei høveleg tomt. Når tomta er ferdig regulert, vert tomta lagt ut på anbod. Konkurransen gjeld ikkje prisen på sjølve tomta, men kven som kan levere det beste framlegget til utbygging av tomta. Den tilbydar som har det beste tilbodet, både med omsyn til pris og kvalitet på dei husa som er tilbydd, får kjøpe tomta til taksert verdi, mot å forplikte seg til å bygge ut i tråd med sitt anbod, og å selje dei ferdige bustadene til prisar i samsvar med sitt anbod.

Tomteselskapet skal driva etter forretningsmessige prinsipp, men samtidig vera bevisst sitt samfunnsansvar som handlingsorgan for kommunen sin arealpolitikk.

Målsettinga til selskapet er å ha ein tilfredstillande tomtereserve i alle delar av kommunen. Med betre balanse mellom tilbod og etterspurnad vil vi vera med å redusera prispresset i marknaden.

Tomteselskapet vil i sine utbyggingsområde vera med å fremja framtidsretta og miljøretta løysingar.

Lindås Tomteselskap AS er eigd av Lindås kommune.