Kløve bustadfelt er eit etablert bustadfelt med gangavstand til alle tilbod i bygda som skule, barnehage, butikk, forsamlingshus m.v. Lett tilgjengeleg naturområde på land og sjø.

Lindås Tomteselskap arbeider med å oppdatere reguleringsføresegnene.

Sjå planteikning av området her.

Prisliste

Tomt nr. Gnr/Bnr Areal Prisantydning
6 24/99 1170 m2 Ikkje for sal
16 24/106 1039 m2 150 000
17 24/107 1021 m2 SELD
19 24/108 936 m2  Ikkje for sal
22 24/111 948 m2 150 000
24 24/112 851 m2 150 000
26 24/113 828 m2 150 000
27 24/114 1075 m2 150 000
38 24/120 702 m2 200 000

For meir informasjon kontakt tomteselskapet.

Reguleringsplan for Sveene: 

Kommunestyret har vedteke reguleringsplan for Sveene. Føremålet med reguleringsplanen er utviding av eksisterande Kløve bustadfelt. Planområdet er på om lag 72 daa, og omfatter eksisterande busetnad mellom Svindalsvegen og fylkesveg 397, i tillegg til eit nytt areal sørvest for dette område.

For nærare informasjon vert det vist til braPLAN – Velg Lindås kommune og planID: 1263-200801.

Den nye reguleringsplanen opnar for trinnvis utbygging.

Lindås Tomteselskap samarbeider med bygdelaget om utbygging av byggetrinn to i Sveene. Målet er ei utbygging i regi av ein privat utbyggar.