Hunvind bustadfelt

Hunvind bustadfelt

Det tredje byggetrinnet på Hundvin er ferdig planlagt. Byggefeltet inneheld ti einebustadtomter. Det er gjeve rammeløyve til utføring av kommunaltekniske anlegg.

Målet er å få til ei utbygging i samarbeid med privat utbyggar.

Kløve

Kløve

Kløve bustadfelt er eit etablert bustadfelt med gangavstand til alle tilbod i bygda som skule, barnehage, butikk, forsamlingshus m.v. Lett tilgjengeleg naturområde på land og sjø.

Kolas III

Kolas III

Lindås Tomteselskap vil i første omgang satse på ei delvis utbygging av byggetrinn 3 innanfor reguleringsplan for Kolås III. Dei tomtene som vil bli realisert først, er dei seks einebustadtomtene som ligg øvst i feltet.

Myking

Myking

Lindås Tomteselskap AS har for sal tilrettelagte tomter i Hellebrekka bustadfelt på Hodne/Myking.

Rissundet

Rissundet

Rissundet bustadfelt ligg i nordre del av kommunen, midt mellom Mongstad og Lindås.

Solrike tomter mot sørvest, med utsyn over holmar, viker og sund. Ca. 6 km til tettstaden Lindås med godt utbygt skule- og servicetilbod.

Stemmemyra / Fyllingsnes

Stemmemyra / Fyllingsnes

Lindås Tomteselskap AS har 17. september 2008 fått godkjent reguleringsplan for Stemmemyra/Fyllingsnes.

Planområdet inneheld 14 einebustadtomter, sju tomter for tomannsbustader, to tomter for firemannsbustader og barnehagetomt.