GJERSTAD.jpg


Bustad-leiar Svein Gjerstad og tidligare leiar av Lindås Tomteselskap Bjarte Helle var dei kommunale eldsjelene for å realisera Hordasmibakken. Dei rosar den politiske leiinga som gjorde dei naudsynte vedtaka. 

- Takka vera den politiske leiinga har me klart å realisere eit fantastisk prosjekt, og i bustadplanen ligg det føringar på at dette er politisk prioritert. Det er vi svært nøgd med, seiar Gjerstad.

Det starta over ein kopp kaffi mellom han og den dåverande tomteleigaren. 

Mercedesar
- Er det ikkje rart, sa eg, at om kommunen hadde annonsert at vi skulle byggja nytt handelssenter, då hadde det vore ein kortesje på ti mercedesar og menn i mørke dressar som ville ha påverka kommunen for å få hand om eit slikt prosjekt. Men ingen snakkar saken til alle dei som treng bustad, men som av ulike orsakar ikkje kjem seg inn i bustadmarknaden. Då svarte Bjarte at han hadde tomtar og eg hadde pengar, gitt at den politiske leiinga ville satsa på dette, fortel Gjerstad.

Han omtalar seg som for gammal til alltid å seia det som er "politisk korrekt" og gjekk i gong med prosjektet. 

Barnefamiliar 
- I byrjinga var det litt krevjande. Spesielt toppbyråkratane var litt engstelege for kva eg hadde sett i gong. Etter kvart vart det meir optimisme og den politiske leiinga stelde seg bak eit bustadprosjekt for dei som ikkje maktar å kome seg inn på bustadmarkanden åleine, fortsett Gjerstad. 

Flyttar oftare
Bustadleiaren seier vidare at det er avgjerande at spesielt familiar med born får tryggje og stabile oppvekstvilkår.  
- Vi registrerer at dei familiane som må leige bustad flytter oftare. Den einaste langsiktegheita dei har er tre månader, altså oppseiingstida. Difor flyttar leigetakarar mykje oftare enn dei som eig si eiga bustad. For dei minste inneber det at dei må bytte skule svært ofte og også miljø, som igjen gjer det ustabilt. No har vi fått opp eit prosjekt med kvalitetsbustader og fleire av bebuarane betalar berre halvparten av kva dei før måtte betale i leige, seier Gjerstad. 

Stort behov 
Det var 46 søkjarar til Hordasmibakken og det fortel bustadleiaren at behovet er stort. Kriteria for å få ein bustad i Hordasmibakken var strenge. 
- Eg fekk telefonar frå unge innbyggjarar som no studerte andre steder og ville heim til Lindås, men dei kvalifiserte ikkje fordi dei ikkje budde permanent i kommunen. Det kan hende vi må endra krava i neste omgang. I den bustadsosiale handlingsplanen står det tydeleg at Lindås kommune ynskjer fleire slike bustader. Det vi saman har greidd her går no under namnet Lindåsmodellen og det kan vi alle vere stolte av, forklarer Gjerstad. 

- Kommer du til å vere like aktiv? 
- Ja, det kan du vere heilt sikker på. Eg går ikkje av med pensjon før sommaren 2019. Dette brenn eg for, avsluttar bustadleiaren i Lindås.