husbanken.jpg

- Dette er eit svært godt døme på korleis ein kommune kan skaffe bustadar. Det seier seniorrådgjevarane Anne Marie Løvik og Olav Ohnstad i Husbanken. 

Det dei snakkar om er Hordasmibakken i Lindås kommune. Husbanken var ein av partane som bidrog til at dette bustadprosjektet blei ein realitet. 

Ein aktiv kommune
- Vi må rosa Lindås kommune og Lindås Tomteselskap som tok initiativ til å setje i gong dette prosjektet, seier Ohnstad.
Kollega Løvik peikar på at den bustadsosiale profilen var heilt avgjerande for at Husbanken lat seg involvera og prioriterte prosjektet. Husbanken er ein viktig finansiell samarbeidspart, og legg sterke føringar for korleis bustadene skal byggjas. Miljø, energi og universell utforming av bustadane er heilt sentralt for Husbanken. I tillegg vektlegg Husbanken god utforming av bustadene og uteområda. Det skal være trygt for barn og eldre å ferdes utandørs. Gode uteplassar og møteplasser er viktig slik at det sosiale miljøet vert ivaretatt.

-Ein aktiv kommune
- Lindås har vore ein aktiv kommune, og prosjektet var meir utfordrande enn fyrst antatt. Med godt samarbeid fekk vi alt på plass og det blei eit prosjekt som stemte når det gjeld pris, kvalitetar og bustadsosial profil. Husbanken prioriterer konsept som bidreg til at fleire kjem seg inn på bustadmarknaden, fortel Ohnstad. 

Reindyrka 
- Eg vil seie at Lindås kommune reindyrka den bustadsosiale profilen, og då ligg det i samfunnsoppdraget til Husbanken og vera ein god samarbeidspartnar, skyt Løvik inn. Begge er samd i at Hordasmibakken er eit prosjekt der alle partar strakk seg litt lenger.
- Dermed blei det eit endå flottare bustadområde. Det var heile tida ein positiv setting der partane ynskja å gjera det beste, seier Løvik. 

Ein av føringane frå Husbanken og kommunen var at kommunen hadde bebuarane til 14 av dei 20 leilegheitene og at disse bebuarane kvalifiserte for startlån. Dette er tilpassa dei som ikkje har eigenkapital. 

“Lindåsmodellen” 
Husbanken er positiv til å samarbeide i fleire prosjekt på Lindås. Internt omtalar dei det som "Lindåsmodellen".
- Husbanken har fokus på at familiar med born får gode bustadmiljø. Det er mange kommunar som burde adoptera denne modellen, fordi mange innbyggjarar i ulike kommunar har behov for denne stabiliteten.

Godt og bærekraftig
Trygge og gode oppvekstmoglegheiter er prioritert hos Husbanken, poengterer Ohnstad.
- Heile prosjektet ligg i den bustadsosiale prioriteringa hos Husbanken, kommunen tok ein aktiv rolle, og ynskjer integrering slik at det blir eit godt og bærekraftig bustadmiljø, fortsett Løvik. 

På Lindås var det Bjarte Helle i Lindås Tomteselskap og den kommunale bustadleiaren Svein Gjerstad som gjekk i front for at Hordasmibakken skulle realiseras. 

Er det mogeleg å gjera dette utan "kommunale ildsjeler" 
- Vi skal ikkje seia at det ikkje er mogeleg. Kommunane må ha kunnskap om oppgåva,  og det er klart eit fortrinn når enkeltindivid i ein kommune tek ein så proaktiv rolle som i dette prosjektet, svarer Løvik og Ohnstad.