Jonas Løtvedt

Jonas Løtvedt

Då mora til Jonas Løtvedt (22) fortalde han om bustadprosjektet i Hordasmibakken bestemte 22-åringen seg for å søkje. Han trudde knapt sine eigne øyrar då bustadsjefen i Lindås kommune ringde og fortalde at han var ein av dei heldige som hadde fått tildelt bustad. 

- Sambuaren min er student, og om vi skulle spara opp all den eigenkapitalen som er naudsynt for å kjøpe bustad hadde vi ikkje klart det før vi hadde vore i 30-årane, seier Jonas.

Strålande nøgd
Han er strålande nøgd med at den vetle familien på tre allereie no har fått si eiga bustad. Før dei flytta inn i leilegheita i Hordasmibakken budde dei i en leigd bustad på Seim. Den månadlege leiga der var på 8500 kronar. 

- No har vi avdragsfridom, og det gjer at vi betalar lågare bustadutgifter enn då vi leigde, fortel Jonas. Sambuaren Ada og dottera Linnéa trivst svært godt i det nye bustadområdet. 

Småbarnsfamiliar
- Hordasmibakken er eit bustadområde med mange småbarnsfamiliar. For oss er dette heilt perfekt, seier Ada. 

Jonas er anleggsgartnar og kommer nok til å sjå til at dei utomhus fellesområda får godt stell når bebuarane skal jobbe dugnad. Han likar å ha deg fint rundt seg. 

- Korleis reagerte du då du fekk tilbodet om bustad? 
- Eg trudde ikkje mine eigne øyrar, og det var stor stas og fortelja det vidare til sambuaren at me endeleg hadde fått vår eiga bustad, seier 22-åringen.

Skryt av Lindås
Jonas skryt av Lindås kommune som tok initiativ til at innbyggjarar som av ulike årsaker ikkje klarar å komme seg inn på bustadmarknaden, fekk ein mogeligheit.
- Fleire kommunar burde gjere som Lindås, påpeiker Jonas.