sandra.jpg

Takka være Lindås Tomteselskap og Lindås kommune har firebornsmora Sandra Bjørndal (29) no sin eiga bustad.

Rett før jul flytta ho og dei fire borna hennar inn i sin nye leilegheit i Hordasmibakken nokså nær Knarvik Senter.

Stigande bustadprisar
29-åringen var ein av mange som ikkje kom seg inn i bustadmarknaden grunna høge prisar og strengare lånekrav. Dermed måtte ho ut i leigemarknaden, og for 13 000 kronar i månaden fekk ho og borna leige eit gamalt hus som hadde trengt isolering.
- Eg hadde ikkje nubbesjanse i bustadmarknaden med mi inntekt, seier ho.

Loddtrekning
Lindås Tomteselskap og Lindås kommune hadde nettopp dei unge i tankane då bustadkonseptet i Hordasmibakken blei planlagt. Bustadane skulle øyremerkast til dei som ikkje kom seg inn i bustadmarknaden.

Fortsetter etter faksimila frå Bergens Tidende 26. januar 2018

 

sandra01.jpeg

Sandra Bjørndal sendte inn søknad til kommunen for å vere med i loddtrekninga, og vart blant vinnarane.

Halverte utgiftene
- Eg blei så glad då eg var ein av dei som fekk kjøpe leilegheit. No eig eg min eigen bustad, og kostnadene er til og med halvert samanlikna med det eg betalte for huset eg leigde, seier ho.

Utruleg kjekt
Dei fire borna på åtte, fire og tvillingane på to år storkosar seg i sin nye heim, og ikkje minst nabolag.

- Ungane elskar denne plassen. Dei kan springe rett ut døra, så er dei på leikeplassen. Borna tykkjer det er utruleg kjekt å bu her og har masse venar allereie, seier 29-åringen, og legg til:

Prisverdig
- Det er svært prisverdig av tomteselskapet og kommunen å gjennomføre eit slikt prosjekt, og alle vi som har fått kjøpe bustad er svært takknemlege. Det er krevjande å komme seg inn på bustadmarknaden, fordi det krev høg lønn med dagens bustadprisar og krav til eigenkapital.

Bustadene er husbankfinansierte, og eit av krava til bebuarane er at dei ikkje kan selje før etter tre år.