Lindås Tomteselskap har gjennomført anbudskonkurranse av eit prosjekt med 20 bueiningar.

Målgrupa er ungdom i etableringsfasen, men også andre som har vanskar med å komme inn på bustadmarknaden. Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt med Husbanken og Lindås kommune.

Byggmester Markhus AS har vunne konkurransen om å få kjøpe og bygge ut tomta. 

Fristen for å melde seg på prosjektet gjekk ut 20. januar 2017.


Tildeling av bustadene

Ordførar Astrid Aarhus Byrknes fekk æra av å trekkje kven som skal ha førsterett til å teikne kontrakt med Byggmester Markhus AS til dei 20 leilegheitene i prosjektet!

Trekkinga skjedde tysdag 28. februar klokka 13.00.